[フレーム] Hopp til hovedinnholdet
Store norske leksikon

Vangsnes

Faktaboks

Vangsnes
Etymologi
av norrønt vangsni, ‘plogskjær’
Fridtjovstatuen vart reist av keisar Vilhelm 2. i 1913.
Bronsestatuen Fridtjof.
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Vangsnes er eit sokn og ei halvøy i Vik kommune i Vestland fylke.

Natur

Soknet omfattar den flate og frodige halvøya på sørsida av Sognefjorden, rett overfor innlaupet til Fjærlandsfjorden.

Næringsliv

Hovudnæringa på Vangsnes er frukt- og bærdyrking.

Samferdsel

Vangsnes er eit trafikknutepunkt med ein del turisttrafikk. Riksveg 13 frå Voss er ein del av indre stamveg på Vestlandet, som går over fjellet mellom Vik og Vangsnes. Denne strekninga er svært utsett for skred. Skredsikring vart påbyrja i 2018 og ny veg stod ferdig i 2020.

Frå Vangsnes er det ferjesamband til Hella og Dragsvik på nordsida av Sognefjorden. Riksveg 602 fører frå Vangsnes austover til Feios.

Kultur

Vangsnes har fleire gravhaugar.

Fridtjovstatuen, ein statue i bronse som førestiller segnfiguren Fridtjov, vert reist i 1913. Statuen er 12 meter høg og står på ein 14,5 meter høg sokkel. Den var ei gåve frå den tyske keisaren Vilhelm 2., som vitja Vangsnes kvar sumar i åra før fyrste verdskrigen.

Vangsnes kyrkje er ei langkyrkje i tømmer frå 1861.

Namn

Fyrste ledd av namnet har antakeleg samanheng med Vangsen, som er eit skjer utanfor odden av Vangsnes. Vangsen kjem av norrønt vangsni, ’plogskjer’.

Kart

Vangsnes
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg

AltStyle によって変換されたページ (->オリジナル) /